onsdag 25. desember 2013

Eg ser deg



Jesu liv og død.
Tone: Hin time i Getsemane.

Eg ser deg nå i krybba di,
Du ligg blant høy og strå.
Så heilt uskyldig, rein og fri
Med himmelkåpa på.

Eg ser deg då dei englar tre,
og dei frå Austerland,
og rike gåver la dei ned
for deg vår redningsmann.

Eg ser deg då du reiste ut,
På flukt til framandland.
Og fattig, sjølv om du var Gud
Og allting gjera kan.

Eg ser deg gå til Golgata
Med syndebøra mi.
Den gjerning måtte du nå ha
For oss å setja fri.

Så ser eg deg då grava brast.
du vart ein himmelson.
Og ein gong kjem du att i hast
Og oppfylt vert vår von.

NDH 23.12.13.