Jesu liv og død.
Tone: Hin time i Getsemane.
Eg ser
deg nå i krybba di,
Du ligg
blant høy og strå.
Så heilt
uskyldig, rein og fri
Med himmelkåpa
på.
Eg ser
deg då dei englar tre,
og dei frå Austerland,
og rike
gåver la dei ned
for deg
vår redningsmann.
Eg ser
deg då du reiste ut,
På flukt
til framandland.
Og
fattig, sjølv om du var Gud
Og allting
gjera kan.
Eg ser
deg gå til Golgata
Med syndebøra
mi.
Den
gjerning måtte du nå ha
For oss å
setja fri.
Så ser eg
deg då grava brast.
du vart
ein himmelson.
Og ein
gong kjem du att i hast
Og oppfylt
vert vår von.
NDH
23.12.13.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar