fredag 11. januar 2019

Du Bjørg!


Du Bjørg!
Eg ser…
Mel.: Eg ville gjerne eiga ei tru så sterk og stor.

1.
Eg ser deg i Guds himmel i frelseskjolen din,
og i den store vrimmel du er så rein og fin.
Du såg du var ein syndar i tankar og i ord,
Men du fekk tru på nåden som står i Herrens ord.

2.
Nå ser eg deg i skaren du syng av hjartans lyst,
om frelse av Guds nåde ved himmelrikets kyst.
Du er så glad og yndig og strålar med din krans,
og alle takkar Jesus for frelsesverket hans.

3.
Eg ser deg der du ropar til meg og alle her:
Kom, kom i denne time eg ropar og eg ber.
Her er så mange frelste, men ennå er det rom,
og heile frelsesskaren nå ropar til deg: Kom!

4.
Eg ser deg gjennom tårer og seier stilt i tru:
Eg kjem når Herren vinkar og kallar meg til Gud.
Ein himmelnøkkel fekk eg av Jesus her på jord:
Det er av berre nåde eg kjem til himlens bord.

5.
Eg stod ein dag ved grava, din siste plass på jord.
Men du har reist frå verda og syng i himlens kor.
Du hadde tunge stunder og undrast på din veg.
Nå har du vunne siger og funne evig fred.

6.
På grava står det skrive eit enkelt: Takk for alt!
For alt me fekk i livet der du var lys og salt.
Ha takk for møtestunder i alle desse år,
i teneste for Jesus, ja, det var våre kår.

(Kl. 00.15 natta til 10 jan. 2019.)
Nils Dybdal Holthe.